Ein del slekter eg har arbeidd med

I denne bolken av heimesida har eg tenkt å presentere ein del slekter eg har arbeidd med.

Ein god del meiner at slekt er noko heilt unyttig og meiningslaust å halde på med. Andre meiner det heilt motsette, og eg er ein av dei.

Arbeidet med slekter har gjeve meg djupare forståing av historisk kunnskap.

Arbeidet med slekter har gjeve meg stor menneskekunnskap.

Arbeidet med slekter gjer rotfesta dine sterkare.

Arbeidet med slekter gjer deg glad i heimstaden og folket du har tilknytning til.

Arbeidet med slekter gjer deg glad i stader, landområde og land du ikkje visste noko om frå før.

 

I Norge er vi så heldige at iherdige amatørar og somtid meir profesjonelle, har skrive gards- og slekthistorier som snart dekkjer dei fleste kommunane i dette landet. Det ligg mykje arbeid bak desse bøkene, ofte med svært dårleg løn. Mykje av arbeidet er gjort heilt gratis av pensjonistar og andre interesserte menneske.

Dei var ikkje alltid like utdanna og kunnige dei som streva seg gjennom dette. Men også dei best skulerte og utdanna har gjort mange feil, og mange måtte til slutt berre publisere det dei hadde, sjølv om dei ikkje var så ferdige som dei vel kunne ha ønskt seg. Mange av dei har difor vorte utskjelt, heilt utan at dei fortente det. Av dei som ikkje fann slekta si der, eller som fann grove feil og manglar i framstillinga av slekta si og heimane deira. Men som ikkje har serleg innsyn i arbeidet og vanskane som ligg attom. Desse bøkene er likevel til stor hjelp for alle som arbeider med eigne og andres slekter. Men ein må kontrollere med originalkjeldene så langt ein rekk, elles vil ein i stor grad gjere dei same feila opp att. Og sjølv om ein gjer så, så vil ein gjere feil sjølv og, om ein er aldri så nøyen og påpasseleg.

Det er derfor viktig at alle som meiner noko er feil i det dei ser, tek det opp, slik at ein stadig kan redusere mengda av feil. Og ein må vere merksam på at orginalkjeldene ikkje er feilfrie, dei heller.