Samfunnsengasjementet mitt

Eg reknar samfunnsengasjementet mitt som sterkt. Historie er eigentleg hovudfaget mitt, og det førte meg også inn i eit djupt samfunnsengasjement.

Å studere 2. verdskrig var ei fælsleg oppleving. Diverre kom den kalde krigen like etterpå, og alle vart vi med tida livredde for atomvåpen. Men den kalde krigen vart heldigvis mest ei mannjamning, der stormaktene diverre tydde til vikarar når det skulle krige. Koreakrigen var langt borte og spreidde seg ikkje. Men da Vietnamkrigen, kom fekk heile verda vite kva som gjekk føre seg. Han var eit vonbrot for all ungdom i verda som hadde trudd at vi etter 2. verdskrig ikkje skulle oppleve noko så fælt. Det har vore fleire vikarkriger etterpå og, men ingen så fæle som han. Men den brannen som er sett i gang i den muslimske verda, begynner å likne. Eg meiner vi ikkje kan tillate slikt meir. Vi må seie nei til krig som løysing på motsetnader i verda.

Det er ikkje noko eg fryktar meir enn opprustning og krig. Og etter at den kalde krigen vart avslutta og Sovjetunionen oppløyste seg sjølv, er det først og fremst NATO som har rusta opp og pressa andre land til underkasting. NATO har i dag kontrollen over det tidlegare Jugoslavia og over heile det tidlegare Aust-Europa. Men likevel ville dei ha meir og viser ikkje teikn på å gje seg. Det kan eg ikkje godta. NATO skal vere ei forsvarspakt, ikkje ein angrepsorganisasjon. NATO ser no ut til å ha teke ein pause når det gjeld den muslimske verda. Men overfor Russland og Kina held dei på med same aggresjonsspelet. Eg håpar dei legg den politikken bort. For krig er det verste av alt som menneska driv på med. Krig bør berre vere tillate når du blir angripen og ikkje kan leve utan å drive fienden attende.

Men eg er ikkje berre engasjert i slike store verdshistoriske spørsmål. Eg er interessert i omtrent alle samfunnsspørsål. Kanskje skriv eg meir om det sidan, men det kjem og til uttrykk i det andre eg skriv på heimesida.

Politikk og samfunn