Ver vitne

Det finst rettferdige krigar, men det er langt mellom dei. No når Vesten pustar til krig mange stader, og ikkje minst i Ukraina, tykkjer eg mange kan minnast om at heller ikkje russarar er umenneske. Når skal leiarane i verda leggje bort tanken om å krige seg til rikdom og makt og heller byggje ei verd på samarbeid og solidaritet? Skal dei kome dit, er det nødvendig at alle vanlege menneske engasjerer seg og fortel kva dei meiner er rett og gale. Somtid tenkjer vi og vel vi feil, men eg trur dei fleste vil finne fram til det rette berre dei strevar med det. Difor er tittelen på diktet for meg også eit motto for oss alle: Ver vitne om alt du synest er gale og ber gale avstad!

Ein no 90-årig ven av meg skreiv dette diktet ved bekransninga av gravene til russiske krigsfangar i landet vårt i 1995, 50 år etter at den verste av alle krigar var over.

Ver vitne

Eg drog frå far og mor

frå heim og fedrejord.

Eg for frå sysken born og viv

frå det som skulle bli mitt liv.

Eg hadde drøymt om gode år

om livet mitt og heimen vår.

Eg tok farvel ved dør og grind

og lova brev med neste vind.

 

Der bomber fall og kuler kvein, eg stod i strid.

Min ven og bror ved sida mi fekk klipt si tid.

Eg førdest bort til framandt land til slavekår.

Mitt liv vart tukt og slag og svolt og sår.

Og framandt mål og skarpslipt stål vart grensebom og fengsel.

Den fridomen eg hadde att, vart evig - evig lengsel.

 

I slit om dag, i ank om natt

eg gøymde på ein draum, ein skatt.

Mitt folk, mi slekt, mitt barn eg såg i syn

om knust eg var og slegen var av vondskaps lyn.

Men aldri fekk eg sendt eit brev - eit ord

og aldri nådde fram til meg eit bod frå heimlands jord og bord.

Slik tankeferder vart mi røyst

og gav mitt tyngde hjarte trøyst.

 

Når att og fram eg driven vart frå strå til slit og strev,

da kvitna somtid knokane om spade og om grev.

Da reiv i meg eit raseri - eg kunne knust ein mann.

Eg visste eg vart taparen - eg visste kven som vann.

Og mennesket i meg rann tomt, eg fann mi takt, mitt steg.

Men ofte tok den tanken meg - din marsj er endes veg!

 

Mitt liv vart slag, mitt liv vart åk,

min mat vart skolm og skalk.

Og så ein dag stod einast att - den bitre - bitre kalk.

Da brast mi vom om heimvegs ferd.

Eg fekk ei grav i framand verd.

Ein rest av gut, ein rest av mann

ein rest av det som i meg brann.

Eit menneske i galskaps grumme neve.

Eit menneske som vonfullt ville leve.

 

Ver vitne for meg tinderad.

Send bod frå meg til heimleg stad

og hels frå meg ved soleglad.

Ver vitne sol og måne, vind og regn.

Ver vitne stjerneskare, ber mine ord, ber mine tegn

frå einsam grav til heimleg egn.

 

Ver vitne for oss menneske som såg vår bitre strid.

Ver vitnet vårt frå djupe hav

for oss som kviler under mos og lav

for oss som driv som oskestøv

for mor og barn som evig søv

for oss som gjennom tusen år

og fram til denne dag og vår

vart knust av makt og vitlaus lyst.

Ver vitnet vårt - ver ikkje tyst.

 Fortel om våre siste rop

om bøn som steig frå tallaus hop.

Ver vitne du som såg vi gret.

Stat opp for liv og kjærlighet.

Stat opp du menneske for solidaritet!

 

Diktet finn du i boka Dikt av John Melkild utgjeve av Øksendal bygdelag i 2014, ISBN 978-82-303-2609-1.

 

Sjå presentasjon av boka i Bokelskere.no. Bildet oppr. lastet opp av AQuarius.