BRUSHOVUDA

Brushovud er slike som trur fullt og fast på at dei har ein misjon. Eg kan neppe seie meg fri for at eg sjølv var mykje av eit brushovud i små periodar i livet mitt. Og kanskje er det litt av det att enda. Men eg oppnådde aldri å bli slik fetert av media som eg synest somme blir av media i dag. Eg tenkjer da på brushovuda i FRP og HØGRE. Kjenneteikna på dei er at dei meiner å ha rett over alle andre. Og at dei snakkar uhorveleg fort. Dei brukar rett og slett farten og ei mengd inkjeseiande ord til å ta knekken på alle motstandarar. Dei er ikkje alltid unge heller. Kristin Clemet og mange av dei noverande statsrådane i regjeringa er typiske døme. Men det finst av dei i andre leirar og, for eksempel i Venstre. Og dei slepp uavkorta til i mange viktige nasjonale media.  Dei høyrest alltid ut som dei vil alle vel, men særleg dei yngre utgåvene har i tillegg ein brodd med føremål å lamme motstandaren. Som blir sitjande som paralysert over kva dei hadde sagt.

I dei siste åra har brushovuda særleg gjort seg gjeldande på saksområda innvandringspolitikk og jordbrukspolitikk. Og no sist på språkpolitikk. På dette siste området har dei no tydelegvis tru på at dei endeleg skal få teke knekken på nynorsken, dialektane og anna tradisjonar i norsk kultur som ikkje samsvarar heilt med by-elitane sin del av kulturen. Og her anar ein grå eminensar med kjærleik til riksmål i bakgrunnen. Og dei har lurt med seg både statsrådar og andre med påverknadskraft på politiske program. Og dei mobiliserer i heile breidda. Frå sukk over at det ikkje er muleg å stanse ei naturleg utvikling (som ikkje har vore naturleg, men administrert av dei sjølve), til utrop i media om tvang, unytte, hindring for utvikling, mindretalsdiktatur, plaging med «fjøsmål» og så vidare. Dei ser ingen botn i dei ulykkene Ivar Aasen, nynorskbrukarar, dialektane og nynorsk sidemål har påført dei og det norske folket. Dei hoppar elegant over at det å atterreise eit norsk skriftspråk var eit storarbeid på 1800-talet, at det har fødd norsk litteratur og åndsliv av stor verdi, ikkje berre på bokmål og radikalt og dialektnært bokmål, men også på landsmål, nynorsk og dialektnært nynorsk, og at dette skriftspråket har klare samband med både dialektar, norrønt og svensk. Neida, dette er ingenting verdt.

No sist høyrer eg at Minerva, eit av brushovudorgana, forkynner at nynorskfolk må skrive meir gamaldags for å redde nynorsken! I debatt-trådane skriv dei same folka at nynorsken er så gamaldags at han ikkje er forståeleg. Så her er det breidde i argumenta, heilt ned i spagat som ein ikkje kan reise seg frå.

Eg synest det er utåleleg at by-elitane skal tyrannisere folket på denne måten. Sjølvsagt er det hardt arbeid å lære seg språk. Men det er like hardt arbeid å lære seg matematikk og andre fag. Og det er like mykje nyttelaust i mange andre fag som i språk. Eigentleg er det ingen kunnskap som er nyttelaus. Det er falsk lære. Men det er litt avhengig av livet og livsførselen din kva du får mest bruk for. Det betyr ikkje at kunnskapen var unyttig. Berre at du ikkje hadde tid eller vett til å bruke han. Eg har mykje kunnskap som eg ikkje har tent ei krone på, men som eg likevel har hatt mykje glede av. Og somtid hugsar eg: Ja, det lærte eg ein gong, ja – integralrekning og tredjegradslikningar. Det fekk eg aldri bruk for, men det er kjekt å vite kva det er! Og det er mykje eg gjerne skulle hatt innsikt i, og som eg ikkje har fått tid til eller hatt ork til, men eg hatar ingenting av det.

Kampanjen for å bli kvitt nynorsken er ein kamp mot kunnskap. Det er ein kamp for å gjere nordmenn dummare enn dei kan bli. Det er ein kamp for å bli einspora og sneversynt. Det er ein kamp for å skaffe seg billige veljarar ved val! Særleg det siste!