KNIVSEGGEN - eller kvifor menneskeslekta står på ein knivsegg.

Knivseggen heitte ein roman som eg bruka i ungdomsskulen som nynorsktrening, undervisning om global oppvarming og innlæring om sjølvrespekt og kulturelt sjølvstende. Det var ein scifi-roman om ei gruppe menneske som hadde flykta frå vår øydelagde jord og bygd opp eit nytt og sjølvstendig liv på planeten Knivseggen. Planeten heitte så fordi dei som skulle overleve der, måtte vandre med sola sin gang over planeten som nomadar i den fruktbare sona, ein knivsegg i storleik samanlikna med planetoverflata. Å hamne i skuggen var det same som å bli gjort til inkjes.

Menneska på jorda vår står på ein slik knivsegg i dag.

Industrialiseringa av verda har ført til CO2-utslepp som trugar livsgrunnlaget vårt på grunn av oppvarming. Men denne faren er enda ikkje fullt ut verksam, og kan stoppast. Truleg vil det bli gjort ganske mykje i tida framover for at det ikkje skal skje. For alle som skal overleve på jorda må ta dette på alvor, også dei aller rikaste (sjølv om det synest som om somme av dei drøymer om å finne seg ein annan planet).

Men industrialiseringa førte også til opphopning av eigedom og pengar i hendene på stadig færre. Og i slik grad, at Vesten, som har nytt godt av denne rikdommen, i dag forbrukar så mykje at ressursane frå 3 og 1/2 jordklode måtte til viss resten av verda skal leve på same måten. Dette forbruket har ikkje berre ført til oppvarming, men til inngrep i stadig fleire naturområde. Ja, til og med matproduksjonen i havet er truga. Det samla presset på naturen har no ført til 40% reduksjon av artane i verda. Og det er nok eit enda større trugsmål enn den oppvarminga vi hittil har hatt.

Kloke menneske har innsett dette, og FN har gjennom sine 1000-årsmål prøvd å gjere noko med det, sjølv  om det ikkje ser ut til at det ein per dato forstår som økonomisk vekst, må ta slutt, viss ein skal redde jorda.

For kva er økonomisk vekst i dag? Jau, det er mengda av pengar som strøymer gjennom verdsøkonomien. Men pengar er ingenting verd i seg sjølv. Dei blir verdilause straks det blir forstyrringar i grunnlaget for fastsetjinga av verdien på dei. Når folk får så lite i løn at dei ikkje kan kjøpe dei varene og tenestene som blir tilbydd, hender det at også dei aller rikaste brått blir fattige. Dette har menneskeslekta alt opplevd fleire gonger. Men det er ikkje det verste som kan skje, for rikdommane kan omfordelast og bli sett i spel på nytt. Rett nok fører slikt til store kostnader for mange, på mange vis, økonomisk særleg i den rike delen av verda, når det gjeld livsvilkår særleg i den fattige. Men menneska i den rike delen av verda har hittil vore nøgd med dette likevel, ser det ut til.

Dei krisene som kan kome på grunn av tap av artane på jorda, eller på grunn av oppvarminga av jorda, kan bli mykje verre, og umoglege å kome ut av utan at store deler av menneskaslekta døyr av svolt. Dei rikaste trur nok dei kjem til å overleve dette og.

Men det er ein heilt annan knivsegg som er mest trugande i dag. Nemleg krig. Førebels er det ikkje så enormt mange som har hamna i skuggen, men flyktningane i Midt-Austen og i Aust-Ukraina er blant dei. Og kvifor har desse hamna i skuggen? Jau, fordi vi har noko som heiter New World Order (NWO) eller Globalisering. Det blir lagt forskjellige ting i desse orda, men eigentleg er det tale om kven som skal styre marknadane og tene mest på handelen i verda. Og handelen i verda omfattar mykje meir enn sjølve handelen. Det omfattar bruken av naturressursane og produksjonen av varer. Det omfattar dei vilkåra som skal finnast i arbeidslivet, kvar du skal bu, kva du skal eige osv. Ja det omfattar alt som har med livsvilkåra til menneska å gjere.

NWO er eigentleg ei verd på dei transnasjonale selskapa (TS) sine vilkår. Dei store transnasjonale selskapa har hovudtyngda si i USA, nokre i Europa, somme få i andre deler av verda, også i Russland og Kina. Dei deler seg til ein vis grad etter nasjonal tilhøyrsle, men dei fleste er USA-baserte eller EU-baserte og har heile verda som verkeområde. Dei er opptekne av ein ting: Å maksinere fortenesta si på brukte pengar. Dei kan nok ta små sideomsyn til andre ting for å få fred. Men dei kjem alltid tilbake til hovudmålet: Å maksimere fortenesta si. Og dei skyr ingan midlar for å nå måla sine. Strategane bak TSane brukar i dag både USA, NATO og EU aktivt i si teneste i kampen om marknadar og retten til å fastsetje reglane for desse marknadane.

Per dato har dei sett i gang ei rekkje krigar for å nå måla sine. Vi veit i dag at oljeinteressene deira stod bak krigen i Irak. Truleg var det dei same som pressa fram krigen i Libya. Men også dei andre TSane er interessert i marknader og kontroll med dei. Så dei pressar alle på, gjerne saman, for å få kontroll med marknadane på sine vilkår. Dei har fått Washington  til å  starta krigen i Ukraina, og sørgjer for å engasjere Washington og andre vidare i Afghanistan og ellers i Midt-Austen.

Dei likar slett ikkje at Kina ikkje har gjeve dei fullt herredømme over marknadene der og at landet knyter for sterke band til landa i dei andre verdsdelane. Og dei likte slett ikkje at Putin tok tilbake kontrollen over russisk økonomi etter at dei var i full gang med å underleggje seg kontrollen med dei enorme naturressursane og økonomien der. Dei likar heller ikkje at Brasil har gått sine eigne vegar., eller at India gjerne vil bli ein sjølvstendig del av verdsøkonomien. Dei legg difor no om verksemda i Verdsbanken for betre å kunne styre kva som skjer med BRICs-landa sine nyetablerte finansinstitusjonar.

Akkurat no ligg fokus hos dei amerikanskbaserte TSane på å sørgje for å avgrense Kina sine interesser i Stillehavsregionen. Difor arbeider dei hardt for at motsetnadene mellom  Japan, Australia, Filippinane, Vietnam o.fl. på den eine sida, og Kina på den andre, skal auke. Men dei kan ikkje tillate seg å gløyme Europa heller. Difor prøver dei gjennom Ukraina å gje eit bein til dei EU-baserte TSane, samtidig som dei brukar Nato til å byggje opp konflikter mellom Europa og Russland.

Denne politikken har sidan ca 2000 ført til fleire hundretusen døde i Midt-Austen, Vest-Asia og Nord-Afrika, og million på million med flyktningar som prøver å overleve under svært håplause tilhøve, også ved å risikere å drukne i Middelhavet på titusenvis i staden for å langdøy der dei er. Ein kan per dato ikkje sjå nokon ende på lidingane i Midt-Austen. Strategane bak NWO har ikkje lenger full kontroll med kva som skjer der, og ved slik å sjå at dei gjev fullstendig blaffen i tilhøva for folka i området, ser vi TSane sin sanne natur. Dei vil ikkje mobilisere ressursar som dei sjølve berre risikerer å tape på.

Det har ført til minst 4000 døde i Ukraina og 500 000 flyktningar i Aust-Ukraina. Og det ser ut til at Vesten er innstilt på å byggje denne konflikten vidare for å halde vedlike presset mot Russland. Med det risikerer vi også eit nytt europeisk blodbad, for tilhøva i Europa med Russland og Sentral-Asia, særleg i aust, er kompliserte, og kan raskt kome ut av kontroll, minst like raskt som i Midt-Austen.

Førebels er det to krigar på gang, Ukraina og Midt-Austen (som eigentleg er mange krigar heilt frå Afghanistan til Aust- og Nord-Afrika). Det er ikkje råd å sjå slutten på nokon av dei. Sølv om det burde vere muleg når det gjeld Ukraina. Og det kan raskt bli krigar osgså i Latin-Amerika, Afrika, Sør- og Nord-Asia. Desse krigane kjem ikkje til å slutte før USA, EU og NATO sluttar å la seg bruke av TSane. For det er deira økonomiske tenkning som ligg bak. Dei er ikkje opptekne av korleis dei skal utvikle eit samfunn. Dei er opptekne av å maksimere eiga forteneste og halde på denne fortenesta. Dei overkøyrer alt som kjem i vegen for dette målet: Naturressursar, artane sin tilstand på jorda, menneskeslekta sine levekår.

Folket på landsbygda i Noreg, skjønar at det ikkje tener landsbygda og folket der at ho vert langt ned. Men denne nedleggjinga er ein funksjon av den måten TSane fungerer på. Dei tener mest viss folket er samla i store konsentrasjonar og kan brukast som billeg arbeidskraft og konsentrert forbrukarmasse. Og dei tener mest viss dei raskt og i stor skala kan slå til mot naturressurane i eit område og utnytte dei omsynslaust og i stor skal utan særleg omsyn til lokal befolkning og dei eigentlege forvaltarane av naturressursane. Men folket og landet tener ikkje på det, iallfall ikkje på lengre sikt. På lengre sikt er dette berre tapet for menneskeslekta.

Den økonomiske verksemda til TSane må difor tøylast, og makta deira over styresmaktene i land og internasjonalt må fjernast. Først da kan vi ha håp om å få fjerna krigane og trusselen om ein endeleg krig med atomvåpen. Først da kan vi få fjerna risikoen for totaltap av artar og ukontrollert, menneskeskapt global oppvarming.