Vegen mot undergangen?

 

1.Frå 1980: Norge og Nato deltok i øydeleggjinga av Jugoslavia. Her støtta dei i realiteten oppløysinga av ein stor stat som hadde bygd opp eit relativt rikt samfunn med minst like stor sosial tryggleik som Vest-Europa. Dei sørgde for at dei verdiane dette samfunnet hadde bygd opp, vart selt på billegsal til vestleg kapital. Dei sørgde for at høgrenasjonalistar fekk makta i fleire av statane, og la såleis grunnlag for fleire krigar med etnisk reinsning. Det foreløpige endepunktet for denne offensiven frå vest kan setjast ved avtalen mellom Kosovo og Serbia i 2013. Konfliktene på heile Balkanhalvøya, kan fort blusse opp att fordi dei ikkje vart løyst på fredeleg vis med tilsutning frå alle partar. Og det er lite lykke og framgang i området, inkludert Albania og Makedonia.

 

3.Frå 1989: Norge og Nato deltok i freistnadene på å få det tidlegare Sovjetiske marknadsområdet inn under vestleg kapital. Dei fekk det til i alle Austeuropeiske statar, men mislykkast i Russland, Kvite-Russland, Ukraina og nord for Kaukasus. Dei fekk heller ikkje kome seg inn i Sentral-Asia på eigne vilkår. Men mange vestlege interesser beit seg fast, og Vesten brukar desse interessene aktivt til å oppnå betre posisjonar og skape press på nasjonale interesser. Dei satsa også her på høgrenasjonalistar i stor grad, i så stor grad at det ikkje er slutt på faren for etnisk reinsning i dei vestlegdominerte områda. Dei har ikkje fått til noko sosial tryggleik i desse samfunna, og folket i mange av dei har det iallfall ikkje betre enn før. Polen kan vere eit unntak. Den delen av området som ikkje kom inn under vestleg kapital, har heller ikkje hatt særleg framgang, men i perioden då vestleg kapital hadde makta over økonomien i området, auka fattigdommen slik at 1/3 del av folket hamna under fattigdomsgrensa. Først med Putin begynte folket igjen å kome seg på beina.

 

2.Frå 2001: Norge og Nato har støtta inngrepet i Afghanistan og okkupasjonen av Irak og det som har skjedd i Irak etterpå. Dei oppløyste ein stabiliserande faktor i området for å skaffe oljeressursar til Vesten. Dei deltok,  som oppfølgjing av dette, i igangsetjinga av borgarkrigen i Syria. Dette prosjektet har dei ikkje lykkast i å fullføre, akkurat som dei ikkje har lykkast med å få Palestina til å underordne seg Israel og såleis sørgje for at heile Midt-Austen vert ein rolegare del av den vestlege kapitalmarknaden. Her har dei i staden skapt verdas største flyktningekatastrofe (mange millionar), ei stor folkeutrydding (fleire hundre tusen døde) og begynt evakuering av dei kristne i området (mykje over 1 million). I Afghanistan har dei førebels berre skapt seg store utgifter og eit samfunn der 50 % av inntektene kjem frå opiumsdyrking. Vesten heldt pusten i redsle da folket i Egypt såg ut til å kunne greie å ta kontrollen over landet sjølv, men pusta letta ut da Egypt fall attende i gamal rolle. Egypt er framleis eit samfunn med elendige tilhøve for folk flest. Reparasjonskostnadene prøver Vesten i størst muleg grad å overlate til landa i området.

 

3.Frå 2011. Norge og Nato deltok som hovudaktørar i øydeleggjinga av Libya og sørgde for at verdiane her kom i hendene på vestleg kapital, og har samtidig skapt eit samfunn i håplaus borgarkrig. Død og vald har vorte dagens orden i mykje større grad enn under Gadaffi, og hundretusenvis av menneske på flukt frå krig og økonomisk ruin vert sende ut gjennom Libya til sikker død i Middelhavet. Inngrepet forsterka og uroa i heile Saharaområdet med nye islamistgrupper, og er underliggjande årsak til terrorangrepet på In Amenas. Regima i Algeire og Marokko spelar same støtterolle for vestleg kapital som militærdiktaturet i Egypt, og er ikkje demokratiske. Det langtidsallierte Marokko okkuperer framleis Vest-Sahara.

 

 

 

5.Frå 2014: Norge og Nato har delteke heilhjarta i arbeidet med å sørgje for at Ukraina ser ut til å kunne bli ein bastion for vestleg kapital. Her støtta Norge og Nato eit kupp, der den væpna leiinga var i hendene på nynazistar og nyfascistar. Trass i at Nato oppretta Kosovo i strid med folkeretten med faren for etnisk reinsing som grunngjeving, heldt dei hardnakka på at den russiske befolkninga på Krim ikkje har rett til det same sjølvstende under trugsmål om etnisk reinsing. Dei held likeins fast på at russisketniske ukrainarar ikkje har rett til å verje seg mot same trugsmålet. Avtalen mellom EU og Kiev som Nato har sikra, garanterer at leiinga for ukrainsk økonomi vil liggje i Brüssel.

 

6.Frå 2014: Norge og Nato deltek i forsøka på å få den russiske marknaden (Russland med allierte statar) inn under den vestlege kapitalen for andre gong. Utan regulering gjennom avtalar vil EU-styrt ukrainsk økonomi utgjere eit trugsmål mot russisk økonomi, som korkje Kiev eller EU har vist vilje til å drøfte. I staden utvidar Nato, trass i lovnader, som dei rett nok har brote før både i Polen og Baltikum, det militære engasjementet i Ukraina som trugsmål mot Russland. Og i staden for å krevje at Kiev forhandlar med aust-ukrainarane, støttar dei alle aggressive tiltak Kiev-regjeringa set i gang, men let vere å bifalle forhandlingar mellom Russland og Kiev. Dette viser at Natos engasjement siktar vidare enn Ukraina. Ein annan indikasjon på det, er at Verdsbanken må innføre nye retningslinjer etter at finansinstitusjonane til BRICs-landa vart oppretta. Det er konkurransen om herredømmet i verdsmarknaden, der Russland og Kina utgjer ein stor del, som er fokus i Natos strategi. Internt i Russland prøver Norge og Nato å gjere eit nummer av alle tilhøve i Russland som dei oppfattar som ubehagelege for Putin og regimet i Russland. Målet er regimeskifte. Eit illustrerande døme er at dei for eksempel køyrer på at ytringsfridomen i Russland vert strupt ved å ikkje støtte sendingane til Dazhd. Men eg trur norske politikarar også ville reagere viss TV2 arrangerte ei ”folkeavstemning” om kong Haakon skulle ha kapitiulert eller ikkje for å spare norske liv.

 

7.Propagandaen i vest går ut på at dei skapar betre samfunn. Rikdommane i Vesten gjer at det ofte kan sjå slik ut, men i tillegg til dei katastrofene dei har skapt i Midt-Austen, og som fører til aukande press om innvandring,  har dei no skapt sosialt uhaldbare tilstandar i heile Sør-Europa, og til dels i Aust-Europa. Og befolkninga i resten av landa, som hittil berre har nytt godt av utviklinga, er no ”strukturert” slik, at dei ikkje har noko å ty til når arbeidsløysa og mangelen på mat set inn. Skulle slikt skje f.eks i den stadig aukande befolkningskonstruksjonen Oslo-regionen, vil folket der ha lite å stille opp med etter at norsk landbruk og norsk fiskeri er nedlagt og det meste av norskfinansiert industriproduksjon ligg i andre verdsdelar. For sanninga bak desse 7 punkta er at samfunnet med tilsutning frå ein nær samla norsk politikarsstand først og fremst tener interessene til dei vestlegbaserte transnasjonale selskapa eller den vestlege finanskapitalen. Dei tener på at nasjonalt styrt næringsverksemd blir nedlagt, slik at dei kan ta over både marknadar, naturressursar, arbeidskraft og forbrukarar. I skrivande stund søkk oljeprisen: For USA produserer no nok olje sjølv, og Washington har nok fått Saudi-Arabia med på å prøve å knekke Russland gjennom oljeprisar. Då må allierte berre tåle utrygga ei stund. Dessutan er generell uro og samanbrot i diverse næringsverksemd berre ein fordel for transnasjonale vestlege selskap. Dei har nok pengar til å tole det meste, og kan sluke ruinane billeg etterpå.