CREDO

Diverre har eg ikkje klart å fikse eit blåmeisbilde enno, men denne fuglen gjer vel nesten same nytta.

RIKSVÅPEN
av Hans Børli (1918-89)

Ikke ei løveklo 
krummet om øksa 
mot rød bunn,

men en fuglefot -

foten til ei gråmeise, 
naken, røyktynn, 
krummet om iset grein 
mot en grønn vinterhimmel.

 

Det er menneskets ønskjelege natur å vere gode mot kvarandre, sjølv om både vitskap og tru peikar på dobbeltnaturen vår. Men mange legg mest vekt på å framheve den vonde sida ved mennesket, og insisterer på at det vonde ikkje kan fjernast. Er det det vonde i seg sjølv dei snakkar om, eller berre det vonde hos andre? Skal vi tru vitskap og religion, gjer dei feil same kva, og feil er det vondes veg. Det er difor avgjerande at desse rettar på feilen sin og trur på det gode både i andre og i seg sjølv.

 

Ein indisk vismann vile retteleie barnet sitt og fortalde følgjande:

"Når du vert fødd, har du to ulvar i deg, ein god og ein vond."

"Og kven vinn?" spurde barnet.

"Han du matar mest," svara vismannen.

Kommentarer

22.02.2015 19:43

Frode Bakken

hei
er det ikke magnar fra vennskapssambandet?