Eit menneske

Tittelen Eit menneske er teken frå John Melkild, som ellers blir presentert på hovudsida UTKANTEN. Les der og! Men dette diktet viser at lokale kulturberarar kan skrive rett gode dikt av almenmenneskeleg verdi! Ved å ta det inn her på hovudsida CREDO gjer eg det til mitt og, på den måten at eg tykkjer tankane i det er viktige og sanne!

John Melkild

Eit menneske

Sjå sjøen som blenkjer og glitrar.

Han ligg der med tyngde og djupner i seg.

Høyr fuglen frå liene kvitrar.

Han er her med vårbud - så lang var hans veg.

 

Lik sjøen er du med djupner og straumar,

stundom så roleg, men stundom og kvass.

Inni deg kjenner du lengsler og draumar,

tonar av glede og bårer av trass.

 

Som sjøen du løyner mykje du rommar.

Til somme du viser vel glitter og skin.

Du kjenner du hyser ein vinter og sommar.

Di drakt er ein vevnad av ull og av lin.

 

Lik fuglen du kunne ditt vårbud gjeva.

Det ventar vel nokon på teikn frå deg.

Så kunne du sjølv og rikare leva.

Må gleder og vera din song og din veg.

 

La livet vera eit vennskap.