Notisar frå Haugaskylet på Jamnhaugsetra i hefte frå 1900

År

Til seters

Seterjenter

Budeier

Kven var dei

Ned 

frå setra

Anna info

1900

14 juli

Brit Melkild   

Marit Kvenseth      

Brit Melkild var nok Brit Andersdotter frå Mjølkillhaugen f, gift Bergem og seinare busett i Eidsvågen

 

Marit Kvenseth kan ha vore skreddardottera Marit Olsdotter f 1863 og nemnt side 400 i Gards- og ættesoge for Nesset bind 3.

Ho må truleg ha vore budeie anten i Nestuskylet eller Gravaskylet?

7 september

Brit var oppom setra igjen den 18. september for å hente ein gammelost. Da var det finver, og ho skreiv ei vakker skildring i boka. 

1901

11 juli

Guro L Melkild

Marit Graven

Guro L Melkild kan ikkje vere andre enn Guro Larsdotter Nestua f 1867. Ho emigrerte i 1911 og vart den 3. kona til Halvor Kristofferson Jordahl. Ho døydde i 1943 i Minnesota.

 

Marit Graven kan vere anten Marit Jonsdotter, kona til Anders Knutson i Grava, f 1830 på Nyledet, Røset, Ålvundeidet og død 1911 i Grava, eller ungjenta og dotterdottera Marit Sverkesdotter f 1886.

6 september

Vi veit og kven som var budeier på Bjørkholsetrene dette året, for dei har skrive seg inn i seterboka:

Ingrid Hjelden

Karen Øverjordahl

Dei må truleg vere:

Ingrid Andersdotter Hjellen frå Øksendal, f 1879, gift i 1905 med Jakob Larsson Sjølset og busett i Sameløya. 

Karen Olsdotter f 1879 i Nestua, Øvre Jordal. Ho emigrerte og vart i 1908 gift med Lars Martinusson Stølan frå Tingvoll og busett i Seattle. 

1902

26 juli

Brit Melkild

Marit Graven

Sjå 1900 og 1901

12 sept

Snøen låg langt oppå leggen når dei drog ned frå setra dette året, og Brit var usikker på om ho kom av garde før det vart mørkt

1903

14 juli

Elisabet Melkild

Marit Graven

Mildri A Melkild

Brit Melkild

Dei to siste flytter på setra 26 juli står det. (Korleis dette er å forstå er lit uklart. For det er Elisabet som skriv at dei flytta ned 5 sept)

Elisabet Melkild må truleg vere Lisabeth Larsdotter Nestua f 1875, og seinare gift med Fredrik Hansson Ranes. Ved dåpen, konfirmasjon og giftarmål står det Lisabeth. Men eg trur det må vere ho likevel.

5 sept

 

1904

12 juli

Brit Melkild

Er nok Brit Andersdotter Mjølkillhaugen. Det er ikkje nemnt andre seterjenter på Jamnhaugen dette året.

3 sept

 

1905

18 juli

Brit Melkild

Guro Melkild

Anna Lien

Marit Graven

Om Guro også kom til seters 18 juli er uklart, men det ser ut til at alle flytta frå setra 9

sept

9 sept

 

1906

14 juli

Brit

Er nok Brit Andersdotter Mjølkillhaugen. Og det er alt som står frå dette året utanom at Brit gjekk ein tur på Grytfjellet

?

Ikkje oppgjeve

 

1907

22 juli

Guro Melkild

Marit Graven

 

11 sept

 

1908

16 juli

Lina Melkild

Maret Graven

Dei drog ned 5 sept men Lina og Mildri (er nok mora til Lina) var oppom 7 sept og koka ost

5 sept

 

1909

20 juli

Ukjent

Men kanskje 

Marit Grytnes

(ut frå handskrifta)

 

?

Ikkje oppgjeve

 

1910

9 juli

Lina H Melkild

Marit Graven

Marit Melkild

Brit Kvenset

I ei innskrift kallar dei seg 

«Seterjentene paa Melkildfjeldet»

Marit Graven skriv den 14 august at dei har vore der 6 søndagar og ikkje sett eit einaste framandt menneske. (Men Eli Melkild var oppom 1 august

27 august

(men berre Lina har skrive dette)

 

1911

17 juli

Marit Grytnæs

 

5 sept

 

1912

13 juli

Ikkje opgjeve, men synest å vere 

Marit Grytnæs også dette året

 

31 aug

 

1913

       

Ingen innskrifter dette året

1914

15 juli

Marit Grytnes? (Meldinga om flytting til og frå er ikkje underteikna) eller

Gudrun Lien

Signe

Ildrid ?

Gudrun Lien har skrive ei melding om at dei drog ned 9. sept 1914. Ho nemner seg sjølv, Signe og Ildrid. Denne meldinga er plassert under året 1917. Her er det vanskeleg å finne ut kva som er rett.

5 sept

9 sept

 

1915

       

Ingen innskrifter om flytting til og frå eller om seterjenter

1916

15 juli

Emma Melkild

Anne Graven

 

8 sept

 

1917

 

Brit Bergem

og

Signe

Ildrid

Gudrun Lien?

 

6 sept

9 sept

 

1918

18 juli

Emma Melkild

Anna Bergem

Anne Graven

Gudrun Lien?

Emma skriv at ho koka mysost like før ho drog ned.

Ei Gudrun skriv saman med Emma at ho er lei for å måtte dra ned, men Gudrun er ikkje nemnt saman med dei andre i innskrifta som varslar at dei kom opp.

7 sept

 

1919

18 juli

Eli O Melkild

Hansine Giske

Eli var der som seterjente i 14 dagar og vart avløyst av Hansine Giske står det. Meir kjem ikkje fram.

?

 

1920

 

Ingenting skrive om seterjenter og flytting opp og ned dette året.

   

Fleire innskrifter om besøk.

1921

19 juli

Emma Melkild

Marit Grytnæs

Anne Graven

 

?

 

1922

?

Emma Melkild?

Ho skriv at ho skal vaske setra 2 september

?

 

1923

       

Ingen innskrifter om flytting til og frå setra

1924

22 juli

Mildri A Melkild

Maren Nøste

Anne Graven

«Fint ver i hele sommar», skriv Mildri 24 august (som avsl. På et minneord om Lina, plassert under 1915)

10 sept

 

1925

15 juli

Mildrid Melkild

Anne Graven

 

?

 

1926

       

Ingen innskrifter om flytting til og frå setra

1927

?

Gudrun Lien

«vi»

Gudrun fortel 30 august at dei har henta kyrne frå Grøndalen. Kven «vi» elles er, kjem ikkje fram

   

1928

17 juli

Ingeborg Aafar

Ildrid Mjølkild

Gudrun Lien

 

?

 

1929

       

Ingen innskrifter om flytting til og frå setra

1930

 

Mildri A Melkild

Det er ingen innskrifter om flytting til og frå setra, men Anders, Ottar og John skriv ei melding til Mildri A Melkild om at dei er på fjellet. Var seterjentene langt av garde? (Denne innskrifta kan og gjelde 1931)

   

1931

       

Ingen innskrifter om flytting til og frå setra

1932

       

Ingen innskrifter om flytting til og frå setra

1933

12 juli

Emma Husby

Nelly Husby

Marit O Melkild

Ildrid Melkild

Det er Nelly Melkild (10 år) som har skrive alt dette året. Og ho nemner Emma og Ola (7 år) og Mildri Huso og Ildrid Nestuen og nokre til. Eg tolkar Nelly slik at Emma Husby, mora, var seterjente attåt Marit O Melkild, og kanskje Ildrid og, og at Nelly og var der ei god stund. Kanskje Mildri Husby var der og, men det kan og vere at ho og Ola berre var oppom på kortare besøk.

?

Ingen innskrifter om flytting til og frå setra

1934

?

Emma Husby

Nelly Husby

Nelly og Emma er på setra og vaskar 9 juni. Og så føyer ho til: Me flyttar snart. Det må vel bety at dei flytta til seters ei stund seinare.

?

 

1935

 

 

   

Ingen innskrifter om flytting til og frå setra

1936

? (gløymt å føre inn)

Mildri Haugen

Ingeb. Gravanes

Mildri O. Melkild

 

2 august

 

1937

14 juli

Mildri Haug(en)

Ingeb. Gravanæs

Mildri O. Melkild

Marit Nestuen 

Marit Nestuen var seterjente 14 dager

   

1938

22 juli

Ingeb. Gravanæs

Ildri O. Melkild

Mildri Haugen

Dei skulle vere til 1 sept, men kyrne «reiste fra os den 28de»

28 august

 

1939

18 juli

Nelly Husby

Ildri Melkild

Ingeb Gravanes

Guro Melkild er på besøk. Ho har skrive at ho overnatta hos Dagny på Bjørkholane. Så Dagny var vel seterjente der det året da?

27 august

 

1940

18 juli

Ildrid

Ho skreiv ei melding datert 12 august som viser at ho var seterjente det året

   

1941

18 juli

Guro

Sigrid

Ildrid Melkild

Ingeb Gravanes

Guro skriv at dei har vore her 14 dagar i ei skildring. Så da har dei vel vore seterjenter og, kanskje åleine eller saman med dei to andre. Seinare skriv Emma at Ildrid Melkild og Ingeborg Gravanes har vore seterjenter. 

28 august

 

1942

         

1943

         

1944

 

Mildri A Melkild

Ho skriv i ein udatert tekst at ho er seterjente og 75 år gamal. Ho var fødd 25 juni 1869, så da må vel dette helst vere skrive i 1944. Ho skriv og at dette er 60 år sidan ho første gongen var seterjente. Altså i 1884, 15 år gamal. Og slik ho skriv det, må det vere på Jamnhaugsetra. Det betyr vel setra må ha vorte flytta frå Gammelsetra før 1884.

   

1945

 

Mildri A Melkild

Nelly skriv 26 august 1945 at ho er oppe med mat til bestemor.

   

1946

 

Mildri Haugen

Men her er årstalet sett inn etterpå, og innskrifta framfor er datert 1944. Så kanskje denne teksten også var skriven i 1944?

1 sept

 

1947

         

1948

         

1949

 

Marit O Melkild?

Sigrid Graven?

Nelly Liabø har skrive 19. aug 1949 at ho, Erik og Werner var på setra og at dei kjøpte rømme og fløte av seterjentene. Og ho nemner namna Marit og Sigrid i teksten. Men det ser ikkje ut til at nokon var i Hauaskjylet.