Jon Jøstenson f 1728 på Engen i Øksendal og familien hans

Jon Jøstenson vart rekruttert som aktiv soldat til det Sunndalske kompani under kaptein Bever i 1748 til erstatning for ein som vart dimmitert det året. I tida etter må han ha opphalde seg mykje i Stangvika, for han dukkar opp som gift mann med ein son Lars som leigetakar av garden Bruset i Øksendal frå 1753. Kona hans, som han må ha gifta seg med i Stangvika, heitte Dordi Nilsdotter, og var truleg dotter til Nils Henrikson Rytter, d 1744 på Kvanne. I Sunndalsboka bind 4 side 295 nemner forfattaren desse barna: 1.Anders f 1753 på Øksendalsøra 2. Nils f 1755 3. Anders f 1756 4. Berit f 1758 5.Nils  f 1760 6. Anne f 1763 7. Jøsten f 1766 8. Jon f 1769. I 1770 tok odelsarvingen til Bruset over eigedomen, og familien til Jon Jøstenson måtte finne seg ein ny stad. Dei fekk bygsla Børset III i Øksendal. Familien hadde denne garden til 1786, da sonen Lars Jonson avhenda garden. Faren Jon Jøstenson døydde på Einskogen i 1795. Han og kona har truleg vore inderstar der frå 1786. Kona Dordi levde enda i 1801. Da budde ho hos sonen Nils og svigerdottera Anne i Husbakken under Mjølkill. Dødsåret hennar er ikkje funne. 

Men kvar vart det av alle barna?

1. Lars Jonson f 1750 gifta seg med Sigrid Johansdotter Børset f 1757 på Børset I. Dei avhenda Børset III i 1786 og var innom fleire gardar i noverande Gjemnes før dei til slutt kjøpte ein av Høgsetgardane på Gjemneset. Etterkomarar sit framleis med garden.

2. Anders Jonson f 1753. Det er ikkje bevist at han var son i denne familien, slik Seljedal skriv. Og i fall han var det, har han truleg døydd ganske ung.

3. Nils Jonson f 1755. Han var gift i Nesset og hadde ein husmannsplass på Myrset på Tiltereidet. Men han hadde ikkje etterkomarar som levde opp. Derimot var han stefar for ei dotter som broren Jøsten hadde i Øksendalen.

4. Anders Jonson f 1756. Han døydde og truleg tidleg.

5. Berit Jonsdotter f 1758. Ho vart truleg med broren Lars utover til Gjemnes, for ho vart gift 1790 med Ole Pederson Dalen i Torvikdalen. Dei hadde først gard på Dalen . Seinare kjøpte dei ein av Ugelstadgardane på Eide. Men var og innom Nedal på Averøya. Berit døydde kanskje på Hjelkrem på Bergsøya.

6. Nils Jonson f 1760, var gift  med Anne Evensdotter Husby f 1758 på Bøen, Husby, oppvaksen på Storstuen, Seter. Dei busette seg på husmannsplassen Husbakken under Mjølkill. Sinare bytta dei til seg husmannsplassen Småskog under Øvre Jordal i Jordalsgrenda.

7. Anne Jonsdotter f 1763. Ho vart og truleg med broren Lars utover til Gjemnes. For ho vart gift med Jon Pederson Dalen, broren til han som søstera Berit gifta seg med. Dei hadde ein husmannsplass på Dalen, men ektemannen døydde tidleg, og ho vart oppattgift med Gunnar Olson Bjerkeset, son til Ole Jakobson Børset og Gjertrud Olsdotter Husby frå Nerøra, Øksendal utflytta til Bjerkeset, Batnfjorden. Ho hadde 3 søner og ei dotter Anne med 1. ektemannen. Denne Anne f 1799 vart truleg kona til Lars Halvorson Graven, Jordalsgrenda.

8. Jøsten Jonson f 1766. Han vart gift med Marit Larsdotter Skrondal/Husby f 1766. Før han vart gift hadde han barn med både henne og med Lisbet Andersdotter Hoven/Hjellen i Ø. Hann hadde ei dotter Brit med Lisbet, og det var hos som vart stedotter til Nils Jonson på Myrset. Men han gifta seg med Marit Larsdotter, og dei kjøpte ein gard på Krakalia i Eide. Men Marit Larsdotter døydde alt i 1808. Da gifta Jøsten seg med Randi Eriksdotter frå Øksendal (fødd i Alvdal). Men Jøsten sjølv døydde like etter, i 1810. Det endte med at Randi Eriksdotter måtte flytte attende til Øksendal. Ho døydde 1860 på Smestad, og barna til Jøsten og Marit Larsdotter vart plassert hos slektningar i noverande Gjemnes og Averøy. Dei har etterkomarar i området fram til i dag.

9. Jon Jonson f 1769. Han vart gift med den mykje eldre Brit Ingebrigtsdotter Skrondal f 1753. I 1801 budde familien på Høgset der Jon sin bror Lars hadde kjøpt gard, men seinare kjøpte dei ein av gardane på Hol på Averøya. Dottera deira fekk mange etterkomarar.

10. Anders Jonson f 1793. Det er truleg denne broren som vert nemnt i skifteoppgjeret etter broren Nils Jonson på Myrset. Der er det skrive at han oppheldt seg i Trondheimsområdet, utan at det har vore muleg å finne han att førebels.

Teksten her er ikkje ferdigskriven.