John Melkild og boka Dikt

John Melkild og boka DIKT

 

John Melkild er ein lokal kulturberar. Stoffet i boka Dikt har vorte til over ein lang periode, og ofte i samband med lokal kulturell innsats. Boka er delt i bolkar etter emne.

 

Heimfjell og hulder.

Her er det både epistlar og dikt. Dei fortel om røtene. Og røtene er fylt av natur. Mellom anna av gaddar, tørrfuruer som eg hugsar John for rundt og fotograferte og har ein heil album med. Kvifor kan du kanskje finne ut om du les boka hans?  Det var ein stor guteflokk på Mjølkill da John voks opp, og jenter med. Det er tydeleg at huldrene stod sentralt i fantasien, for far min var og oppteken av huldra. Huldredikta har namn etter namna på det fjellet han kjende så godt. Han fortel at han dikta dei til ei 17. mai-feiring, og ”at det var bra at eg befolka heimfjellet med desse mystiske og løyndomsfulle jentene. Dei gjev fjellet mitt kvalitet.” Så her ligg det vel noko meir?   Bolken fortel og mykje lokal fjellhistorie av slikt slag som sjeldan vert nedskrive. Det er verdfullt.

 

Kleppen og Vinnu.

Her har  John teke turar til naturen lenger borte enn til det heilt lokale. Til Øksendal og Sunndal, som og spelar ei stor rolle i boka, fordi dei er det større lokalsamfunnet som John harr levd i.

 

Sauer og dikt.

Korleis er det å vere sauehaldar? Her finst fleire overraskande svar. Dikta ”Pave John” og ”keiseren av Portugalien” står i denne bolken.

 

Ord og dikt om livet.

Her finn vi diktet”Ver vitne” om krigskyrkjegarden på Hol i Sunndalen, og andre dikt om det å vere menneske. Det er ein fin bolk!

 

I bolkane Gammeldans, Valg og politikk og Ulikt finn vi meir skjemtande og ironiske dikt om livet i bygdene, ofte med ein brodd både hit og dit.

 

Prologar

Denne bolken innheld prologar John har skrive til viktige hendingar i Øksendal og Jordalsgrend. Her er det mykje viktig lokalhistorie og viktige tankar om livet på ”grunnfjellet” i landet vårt.

 

Snipp Snapp Snute

I slutt bolken presenterer John eit eventyr han har dikta til barnebarna. John meiner forteljingar er svært viktige for menneska og menneskelivet. Det kjem fram i dei oftast episke dikta, og ikkje minst gjennom at han sjølv er ein stor forteljar, akkurat som mange av søskena hans og var.

 

Bilde og illustrasjonar

Dikt er ei svært vakker bok! Det skuldast ikkje minst bilda, der dotter til John med følgjsevenn, Mildrid Melkild og Erik Sundquist, har stått for mesteparten.

 

Forord

Astrid Sæter har skrive eit godt forord på vegner av Øksendal bygdelag, som er utgjevar av boka. Ein kan få kjøpt boka gjennom Øksendal bygdelag og bokhandelen på Sunndalsøra.