Pave John

Diktet "Ver vitne" viser at lokale kulturberarar slett ikkje berre er stadbundne. Dei er like internasjonalt engasjerte som andre. Og ikkje berre i alvor, men og i alvorleg skjemt. Det er mykje stoff om kjendisar i vår tid. Draumen nedanfor har kanskkje noko med det å gjere? (Eg har innhenta løyve hos forfattaren til å presentere stoff frå boka hans her).

 

Pave John

Det var aktuelt med nytt paveval, og det var mykje omtale i media. Det var kanskje årsak til at eg drøymde at eg vart vald til pave (Dark Horse).

  • Pave John

    I natt eg drøymde noko som
    eg aldri før har drøymt.
    Det kom eit brev frå staden Rom
    at paven han var daud.

    Eg drøymde eg var pavens mann
    i staseleg ornat.
    Så drog eg ned frå Nordens land
    ein høgvyrd from prelat.

    Så møttes der kvar kardinal
    frå nord og syd og aust.
    Dei toga inn i hundretal
    slik moderkyrkja baud.

    Her lydde mange tungemål,
    her førdest argument.
    I omnen nørdest det eit bål,
    og verda venta spent.

    Da steig kvit røyk mot himmelen,
    det høyrdest jubelrop.
    Eg førdest gjennom vrimmelen
    opp til St. Peters stol.

    Eg nemnde meg som pave John,
    ein Johannes på ny.
    Eg førdest ut på ein balkon
    høgt over Roma by.

    Kva kunne eg vel gjeva dei
    som venta på mitt ord?
    Her dugde ikkje ja og nei
    som svar på jubelkor.

    Da leita eg i minnet mitt,
    og fann dei gløymde orda,
    så frå min munn så høgt og fritt
    kom "Ora et labora".

  • Så drog eg heim til Karpas land
    som nemnest Jordalsgrend,
    og der stod folk med hatt i hand
    og hylla John, ein gamal kjend.
    Dei namna meg i gledesrus
    Johannes Karpus Norvegikus.
    Slik gløymde dei som eg at John var Lutheran
    med viv i seng med opptil fleire barn.

    Og da på nytt eg ropte paveorda,
    og brått vart teken fatt og rive ned på jorda.
    - Kva er det no for sjau og bal?
    - Kva meiner du med høge rop og tungetal?

    Slik greip så sengekameraten inn,
    og John var atter Lutheran i sinn og skinn,
    på ny ein mann frå Nordmørs bygder
    og utan bønekrans og pavedygder.

    - Å kjerring lell, kva har du gjort?
    No ligg eg her ål vaken,
    du reiv meg bort frå noko stort
    til verdsleg seng og laken.

    Eg trudde lega mi var himmelseng
    og eg i einsleg stand og sølibat
    vel vakta under engleveng
    i paveleg ornat

    Og for ein verdenssensasjon
    om det vart kjent for alle
    at du var gift med pave John
    og såleis kunne kalle
    deg sjølv for førstedame i pavens residens
    og såleis kunne skapa ein heilt ny presedens.

    Men akk vårt lodd vart ikkje slik.
    No ligg vi her oss sjølve lik
    og kjenner gikt og verk,
    og eg stig opp i buksa mi, og du uti din serk.