NATO – evig ekspansjon?

 

Da den kalde krigen vart avblåst og Warzawapakta oppheva, lova NATO Russland at NATO ikkje skulle ekspandere austover. Sidan har ikkje Nato gjort anna enn å ekspandere. NATO braut altså det vilkåret som vart avtala for å avblåse den kalde krigen. Dette gjer sjølvsagt at Russland ikkje kan stole på NATO.

 

Men kvifor ekspanderer NATO heile tida? Det er eigentleg ei gåte. For leiarane i Vesten har ikkje fortalt folket kvifor NATO må ekspandere. Folket i Vesten vil ha ein forsvarsorganisasjon. Men har altså fått noko heilt anna, ein angrepsorganisasjon. Folket i Vesten er lurt av leiarane sine. Kvifor?

 

Er det det militær-industrielle komplekset som ligg bak? Har produksjonen av våpen og nye våpenssystem vorte så økonomisk viktig for Vesten at dei ikkje kan avgrense den militære produksjonen?  Eller har økonomien i Vesten som heilskap vorte slik at NATO må ekspandere. Må ein ha NATO til å sørgje for at Vesten sine marknader heile tida vert utvida?

 

2.verdskrigen førte til at USA segla opp som sjølvaste supersupermakta. USA sjølv vart ikkje skadd av krigen, og heile prokuksjonsapparatet i landet vart sett til å produsere varer for krigen. Det førte til at 30-årskrisa gjekk over, og det førte til ei formidabel utjamning og oppgangstid i USA. Det var ikkje berre dei rike som kom seg opp lenger. Det nye USA gav håp til alle.

 

Men samstundes var det skapt ein økonomi som måtte selje. I staden for samarbeid med resten av verda, kom den kalde krigen, der store deler av verda måtte bli marknader for USA om dei skulle få hjelp til oppbygging etter krigen. Alle som tenkte på fredeleg samarbeid og utvikling saman med resten av landa i verda, vart feid til side og forfølgde. Og det førte til enda meir vekst i USA, og til verdshegemoni. Er det dette som er bakgrunnen for NATOs ekspansjon? NATO må ekspandere om Vesten skal oppretthalde sitt verdshegemoni?

 

Obama har sagt at USA ikkje vil engasjere seg militært i Ukraina i konfrontasjon med Russland. Men samtundes er det tydeleg at dei europeiske NATO-landa blir pressa til å overta det engasjementet. Finst det strategar i USA som sit og tenkjer at uro og krigar ute i verda på nytt kanskje vil føre til økonomisk oppgang i USA? Folket i USA valte Obama fordi han hadde eit heilt anna program; samarbeid med dei andre landa i verda. Dette programmet ser ut til å vere fullstendig borte. Og den gamle politikken ser ut til å ha teke over. Republikanarane har vorte krigerske, og Hillary Clinton, som er Demokratane sin sterkaste presidentkandidat, går ut og seier at Obama fører ein svak utanrikspolitikk. Vi veit ikkje kva dette betyr enda, men folket i USA er iallfall lurt. Dei ville ha det Obama sa han ville gjere i valkampen: ei fredelegare verd der landa samarbeidde med kvarandre.

 

Viss vi ikkje kan tru på og sørgje for at vi får ei slik verd, kan vi heller ikkje tru på menneskeslekta. Ho vil gå til grunne.