"Hatet mot Vesten"

 

Verdibørsen og Øystein Sørensen likar å snakke om ”Hatet mot Vesten”. Eksisterer det?

Nei, det trur eg ikkje. Og i den grad det eksisterer noko hat mot Vesten, så er det ikkje påtrengjande omfattande. Men hatet mot vestlege politikarar og leiarar er etter kvart ganske stort. Og det er aukande. Hatet mot Bush og Blair var etter kvart ganske omfattande. Så omfattande at begge vart feid til side av opinionen etter at det vart klart at dei hadde lyge seg til ein krig i Irak framfor auga til heile verda.

 

Men det skal ikkje mykje lesing av utanlandske media til for å oppdage at korkje russarar, kinesarar eller muslimar hatar amerikanarar eller europearar. Rett nok er det mange harde angrep på NATO, EU og USA i russisk presse, men dei er ikkje retta mot folket i Vesten, men mot det dei vestlege leiarane har gjort dei siste åra. Og det er noko heilt anna enn hat mot Vesten. I den muslimske verda er det mange som er forferda over sider ved den vestlege livsstilen, for eksempel narkotikamisbruket. Men heller ikkje der hatar dei vestlege innbyggjarar flest.

 

Men hatet er kanskje veksande? For det ser ikkje ut til at dei vestlege leiarane vil høyre på fornuftig kritikk ein gong. Trass i at opinionen i Storbritannia sette Cameron på plass i Syria-spørsmålet og hindra vestleg invasjon, så held NATO, EU og USA fram på same viset. I Syria sette dei vestlege leiarane i gang eit opprør mot Assad-regimet og lova gull og grøne skogar. Resultat: Eit blodbad og eit tal på flyktningar utan sidestykke. For å få fart i opprøret sitt væpna dei sunniislamistiske grupper som etter USA-leiingas herjingar i Irak hadde rota seg inn i fanatiske ideologiske tankerekkjer for å begrunne dei håplause opprøra sine for seg sjølv. No har desse gruppene vorte så sterke at dei søkjer makt på eiga hand og på eigne premissar. Og i Libya, der dei vestlege leiarane lykkast med å fjerne regimet, er det og merkelge nok kaos. Dei gode tidene som dei vestlege leiarane lova libyarane, inkludert Jens Stoltenberg og Barth-Eide, har det vorte smått med. Og tusenvis på tusenvis blir utnytta og prøvd smugla over Middelhavet. Svært mange druknar utan at dei vestlege leiarane løftar ein finger.

 

Og i staden for å be om unnskyld og ta ansvar for kva dei har rota til, vender dei vestlege leiarane andletet bort og let innbyggjarane sine lidingar halde fram. Og dei tillet at Israel bombar Gaza til steinørken og tek livet av fleire hundre barn, mange fleire enn dei liva som gjekk tapt på Maidan-plassen i Kiev, og som dei vestlege leiarane har vist uvanleg mykje ordomsorg for.

 

Ja. Ukraina. Der held leiarane i USA, NATO og EU på med det same. Trass i at dei skulle ha lært både frå Libya, Syria, Irak og Afghanistan at ein ikkje utan vidare går inn i eit land og tek stilling for den eine parten. Leiarane i USA, NATO og EU har no tillate dei ukrainske militære å ta livet av over 2500 sivile i Aust-Ukraina. Det er mykje over 25 gonger meir enn dei som mista livet på Maidan. Trass i dette har no NATO vridd på skruen enno ein gong ved å vifte tydeleg med eit muleg NATO-medlemsskap framfor augo på den fløya som har som målsetjing å fjerne alt russisk frå Ukraina. Er det nokon som trur at det vil løyse krisa? Det trur ikkje eg. Tvert imot. Det vil spreie konflikten, kanskje til heile Aust-Europa og Russland. Og både blodbad og terrorisme vil bli resultatet.

 

Og Noreg er med på ferda, same kva regjering ein har. Og Obama er med på nesten same måten som Bush. Og Cameron er med, akkurat som Blair. Og til og med Merckel, som risikerer at tyskarane endo ein gong blir mobilisert mot aust. Det same skjer altså same kva farge leiarane i Vesten har. Det viser at det ikkje er desse leiarane som styrer politikken frå vest. Folk flest i dei såkalte ”liberale demokratia” har inga makt lenger. Rett nok kan deira raseri føre til at leiarane vert skifta ut. Men politikken held fram som før. Den vert utforma av dei som har makta: Rikingane som sit med kontrollen over militærindustrien og andre storselskap som skal auka grepet sitt på verdsøkonomien. Folk flest må ta makta attende og vise at dei ikke vil ha krigskåte leiarar.