Keiseren av Portugalien
Dette diktet av John Melkild er vel av same slaget som Pave John, ein kommentar til tendensar i samtida. Her kanskje mest om alle som har fått til vane å reise til Syden "i tide og utide"? Ein småbrukar og sauehaldar har mange praktiske oppgåver å hanskast med, og her tek forfattaren kvardagen sin med til Syden. Naboen Anders i teksten, er min no døde far.
Keiseren av Portugalien
Tittelen er lånt av Selma Lagerløf
Eg låg og eg datt, eg drøymde i natt,
eg tykte den draumen var merkverdig radt.
Eg hadde ein flokk med allrighte dyr
og hausten var komen med brunsttid i bingen.
Så gjaldt det å skaffe ein sprangvillig fyr
som skjøna at villige søyer var tingen.
Eg gjekk til ein annan saumann ein dag
og spurde om han hadde verlam å selja.
Jau, verane hans var av beste slag,
og det stod meg fritt å vraka og velja.
Men skal du ikkje reise til Portugal?
Det gjorde no han med ein flokk i fjor,
og sjølv om det blei litt styr og litt bal
så hadde da avlen sett heldige spor.
Eg grunna på dette ein dag eller to,
så spurde eg Anders, ein nabo med søyer,
ein kar som tek alvor for alvor og ikkje for løyer:
Har du og hatt sauer i Portugal da?
Og svaret kom kontant: I Portugal ja.
Det høyrdest så sjølvsagt at einaste rette
det var no for meg å ta lærdom av dette.
Så mønstra eg skokken av dalasau,
og vurderte alle frå skalle til klauv.
Så valde eg ut dei finaste ti
som no skulle ut i verda og fri.
Så drog eg til Sunndal reisebyrå
og Brevik han greidde til slutt å forstå
at her gjaldt det vesen med ullpels og klauver
og skaffa billettar til meg og ti sauer.
Så drog eg til Årø til flyterminalen
og sjekka der inn saman med smalen.
Så steig vi til vers i eit Bråtenfly
og landa heilt perfekt ved morgongry.
No tok eg med flokken til Estremadura.
Og der fekk eg jobb med å lirka og lura
ti brunstige søyer i rad og på rekke
til ver som med stil og med kraft kunne det å bedekke.
Ein vaskekte fyrrig latiner,
ein dreven forførar og libertiner.
Og han som stilte med sprangvillig ver,
fekk prompte og greit sitt fortente salær.
Eg gav han i handa dei hundre escudos
mens søyene elska ein portugal eros.
Eg låg og eg datt
eg drøymde i natt,
eg vakna og fann meg i senga mi att.
Da gjekk eg med hastige steg ned i stallen,
og der låg ti søyer og ørta på tallen
med alt i behold, både uskyld og dyden,
langt borte frå Estremadura og Syden.
Nyeste kommentarer