Henrik A. Rytter

Henrik Andersson Rytter  vart  fødd 18. januar 1877 i Roan og døydde 18. september 1950 i Ustedalen ved Geilo. Han voks opp på Haramsøya på Sunnmøre, men fekk utdanninga si i Ørsta og vart der grundig kjent med arven etter Ivar Åsen. Han hadde viktige nynorskfolk som vener og forbilde: Garborg, Anders Hovden, Kristoffer Uppdal. Folkehøgskulemiljøet stod sentralt i forminga hans.

Litterært høyrer omsetjinga hans av Shakespeares verk, Boccaccios Decameronen og Dantes Divinia Comedia til nynorsk kanskje til det viktigaste i arbeidet hans. Men han arbeidde og i Det norske teatret og skreiv skodespel. Og han gav ut mange diktsamlingar.

Eg synest at hans eigen lyrikk fortener å bli studert, og at han i aller høgste grad fortener å bli inkludert i Norsk litteraturhistorie, der han altså heilt har uteblitt.

I 2011 kom det ut ei essaysamling – Skrift i strid – som kan vere ein start.

Eg har nærma meg stoffet frå ein annan innfallsvinkel, nemleg det slektshistoriske. Eg skal ikkje begynne der, men hoppe rett inn lyrikken hans.

Eg byrjar med tileigningsdiktet i diktsamlinga Jordsonen frå 1925. "Du" i denne tileigninga er nok kona hans.

VIGJING

Eg kom frå ville fjell og vide hav

og or ei sprengd og nedtynt ætt.

Og kastne stormar dreiv meg ut og av

på ville von og våg og våeglett.

Ein ofsen eld i hugen braut og brann,

og brålyn briste upp og skar og rann.

 

Du kom frå freda heim og solgod fjord,

der snøfjell imot blåkvelv ris.

Di ætt med djupe stille røter gror

or gamal grunn på adels vis.

Og elden som i hug og auga brår

er altarljos og jonsokbål um vår.

 

Du var den ljuve sterke livsens råd,

som braut den vonde nedgongstyngd.

Du kom med vårens milde sollivs-bod,

du kom med sumarkveik og yngd.

Og ætta reiser sine brotne torn,

og blømer ny i dine ljose born.

 

”På ville von og våg og våeglett” – denne verselina viser noko sentralt i Rytters lyrikk – det som er kalla vitalismen – og som var eit program hos nynorskfolket den tida og tidlegare for å gjere nynorsken brukeleg til alt – utvikling av ord og uttrykksmåtar som skulle reise nynorsken til et fremste av skriftspråk. I nesten alle dikta til Rytter vil du merke denne ordgleda. Så når du skal setje deg ned å lese Rytter-dikt bør du absolutt ha ei eller fleire ordbøker for handa. Ellers blir det eit fattigsleg studium!

I 2. og 3. strofa tileignar han denne diktsamlinga til 2.kona si, (du) Maren Ovidia Olsen (1877-1972). Dei skilde seg i 1930. (”dine ljose born” i siste verselina er nok m.a. Olav Rytter (1903-1992), radiomann, redaktør og skribent). Men i 1. strofa tileignar han diktsamlinga åt seg sjølv. Og her kan vi leggje merke til tre verseliner:

Eg kom frå ville fjell og vide hav

Og or ei sprengd og nedtynt ætt

Ein ofsen eld i hugen braut og brann

Og den elden som brann var ein eld først og fremt for å reise norsk bygdeungdom til kunnskap og gagns menneske. Odin i Olav Duuns Juvikfolke var ein av heltane hans i denne tida. Og i 1913 kjøpte han ein av gardane på Gjemnes på Nordmøre (der hengebrua i KRIFAST har landfestet sitt) og sette i gang med å byggje opp ein folkehøgskule. Han kom i gang, men det varte berre i 3 år – og så vart garden teken att på odel. Han måtte gje opp, og eg trur at dette diktet frå ”Jordsonen” er reaksjonen hans på det (diktet er på heile 5 sider, så eg tek ikkje med alt her, berre mindre utdrag):

 TUSSEREID

Eg skynar inkje –

eg sansar inkje –

Å, eg er som ein mann fallen utfor fjellet.

Svimeslått,

broten. –

 

Riven opp med alle røter!

Driven or garden!

Jaga or heimen! –

å, heimen vår! – 

 

Har eg inkje gjort skil for meg?

Kven hadde krav på meg? –

Ingen! – Ingen! –

 

……….

 

Lov og rett? –

Retten skal maule på saka

i tie år!

Retten er dyr!

Retten er inkje til for meg;

berre for rikingen

er retten til. –

Eg hadde aldri i hugen å vinne rikdom.

Eg var ein skapar i mitt vesle rike.

Ja, ein skapar var eg, og mi sjel song

i skapingsglede.

…….

 

Eg spør dykk, menneskje! –

Å, kalde augo stirrer på meg.

Alle augo er kalde;

no ser eg det. –

………

 

Eit stort dikt? Neppe? Men modernistisk! Og det viser ei side ved Rytter: Han set i gang og trur på alles velvilje. Kanskje er han omsynslaus og? Og han reagerer spontant og rett fram og sparar ikkje på krutet. Han gjekk til åtak både på høg og låg med same mangel på varsemd, og hadde vanskar med å halde på tilhengjarar og få full støtte.

Han visste dette sjølv, og erkjenninga kjem fram i dette såre diktet frå ”Dikt i samling”:

 

              KVI ER EG SLIK –

 Eg er ein mann, og er vel helst eit barn;

Eg skjønr ikkje mannens gjerd og lag.

Eg vima burt i striden utan varn,

og låg der skamtynt i det første slag.

             Kvi er eg slik?

 

Eg dreg meg bort og løyner mine sår.

Og born og kvinner ser på meg og lær,

og karfolk dreg på oksla litt og går. –

Og eg og lær og flin åt mine ær.

             For slik er eg.

 

Det er fleire slike totalt ærlege sjølverkjenningsdikt hos Rytter, ofte gøymt i dei utallige naturdikta.

 

”Eg kom frå ville fjell og vide hav” – er ikkje noko tilfeldig opningslina i Vigjing. Det er kanskje hovudsida ved han. Han er eit naturmenneske som er svært glad i naturen, slik vi ser det i dette diktet frå diktsamlinga ”Båra”:

 

ØVST UPPE

Øvst oppi høgaste fjelldalom er det

landet seg lyfter himlane nærast,

skjoldkveld og kuve hevjar den særde

bringa mot strøymande skyflaum som ferdast

vidt over verda på stormen sin veng,

Noreg si bringe, som soldrosa kysser

fyrst, når ho stråløygd or myrkheimen gjeng,

og der ho sist enno braglar og lyser

blodraudt når landet i nattskuggar dimmest.

 

Øvst oppi høgaste fjelldalom er det

landet seg knyter i fjellstorkna trass,

jutullvillt, trolltungt, bredekaldt – herde

knokar mot kvelven, or gråurd og ras.

Her lyner himlane ned sine spjot,

rullar sitt tordøn, og brakar med stormar,

driv sine isklør i naknaste grjot;

her er det magter som ingor tid dormar,

her er det landet som trassugt held ut.

 

Øvst uppi høgaste fjelldalom er det

storstilla byggjer sin tempelkor;

skinande tindar er suler som ber det

stjerneeldbrisande blåtak og stor

lyser som altarljos raudlege maane,

og liksom heilage, angande eimar

fjellhilder, myreim og blåne på blåne;

elvasø, fossedur, sjog frå fjellheimar

kyngjer og tonar som dyngjande orge.

 

Øvst upp mot fjella, ja der må det vere

ånder kan lyfte si skakande røyst,

stormar kan take det hjalet og bere

ut over bunde og ut over løyst.

Dit vil eg stige or låglendekjavet,

stige i fjellstilla tett fyre dag!

Høgtankar stimar som sol over havet;

ånda slær vengen i morgonkveikt jag;

lyfter si røyst i høgåndekoret.

 

Dette er etter mi meining eit svært godt dikt. Henrik Rytter er glad i naturen. Men diktet seier mykje meir enn det. Henrik Rytter er eit naturmenneske. Naturen er staden der han vaskar av seg det som er mislukka og vert inspirert til å gå vidare. Eg har sett dei tindane han skriv om og vandra blant dei i heile oppveksten min. Eg har sett det og opplevd det akkurat slik tallause gonger. Mange andre seier dei opplever det likeins. Henrik Rytter treffer svært godt med dette diktet. Rytter ikkje ber gler seg med naturen – han brukar naturen til å bli kvitt grumset og hente oppbyggelege tankar.

 

Og da er vi komne til siste verselina i Vigjing:

 

”Og or ei sprengd og nedtynt ætt”

 

Sanninga i den verselina og kva ho innebar for Rytters liv, kunne eg ha snakka om på timesvis. Men eg skal vere kortast muleg:

Rytternamnet har han etter Henrik Mogenson Rytter – presteson frå Sveig i Härjedalen – som kom til Nordmøre på 1600-talet og vart største godseigaren der. Yttergarden i Stangvika var setet hans. Der satt slekta i fleire generasjonar. Ein av dei siste var Nils Henrikson Rytter, tipptippoldefaren til Henrik forfattar, som sat med skrivargarden på Kvanne. Han døydde berre ca 40 år gamal i 1744 – truleg drakk han seg i hel (og dette er truleg delvis bakgrunnen for skodespelet Bråhamaren som Rytter skreiv i 1917). Ting tyder på at ektemaken til Nils Henrikson Rytter døydde før han. 5 born stod på bar bakke, for det var ikkje verdiar att i buet. Og barna vart sett bort her og der. Eit av barna var tippoldefaren Nils Nilsson Rytter, som omsider kom seg såpass opp at han vart gjestgjevareigar på Øksendalsøra. Han hadde ei dotter Anne som fekk sonen Henrik med husmannen Ole Estenson på Øksendalsøra (dei vart gifte seinare). Henrik, bestefar til Henrik forfattar, bruka namnet. (Broren Steinar bruka derimot etternamnet Husby, etter Husby(grenda) som Øksendalsøra er ein del av). Henrik Olson Rytter hadde 9 born i ekteskapet og to før. Han begynte som inderst her og der, men fekk etter kvart ein plass under Grytnes (sjå bilde). Der vart far til Henrik, Anders, fødd, og han bruka etternamnet Grytnes. Han var nok ikkje blid på faren, og fortalte nok mykje om kor hardt og vanskeleg livet på Grytnes hadde vore. Og det var nok ikkje for mykje flesk i det huset. Fleire barn døydde, og ein drukna på fjorden. Farmora, Elen Eriksdotter, kom til Haram og var der siste del av livet. Ho døydde 1890 da Henrik forfattar var 13 år gamal. Og slik skriv sonen Olav Rytter om møtet mellom far sin og farmora (i etterord til Dikt i samling side 267):

 

”Då ho låg på sitt siste, kalla ho alla barnebarna inn til seg og sa farvel til dei alle. Då Henrik kom bort til senga, greip ho han hardt i handa og sa: ”Du som heit Henrik må itj gløm Rytter-namnet”. Ho hadde aldri tilgjeve son sin at han ”vraka ættnamnet” og tok namnet Grytnes etter namnet husmannsplassen låg under. Ein eldre bror av far, Jakob Rytter, har fortalt at Henrik braut saman i gråt og var heilt frå seg i gravferda og lenge etter.”

 

Henrik Andersson Rytter reiste til Øksendalen i 1917 saman med kona for å sjå kor besteforeldra hadde levd. Det avfødde fleire dikt, mellom anna dette frå Jordsonen 1925, som vart skrive i 1917:

 

DEN BLEIKE MINNEHORG

Her er det! – denne myrke skog,

den bratte skuggelid,

som under svarte nakne flog

mot tronge stranda glid,

i avsølt skygd

og langt frå folk og bygd.

 

Gjev meg di hand! – Og lat oss gå

den mosevaksne stig, som kverv i kratt og vier grå,

og inn i gøymsla sig

og skrymtne svar

av daude fotefar.

 

Her er det! – denne vesle eng,

der pors og brake gror,

og burkne stig or moseseng

og kjørr or råmen jord,

og stengd av urd. –

Sjå denne brostne mur!

 

Å, brostne murar! – Årestein

i røys, og snøydt og audt;

den åreeld som eingong skein

er longo slokna; daudt

Og longo gløymt

er alt, - sekt ned og gøymt.

 

Ja daudt! – å, daudt – mitt hjarta skjelv

og hamrar i min barm

i otte og i asen gjelv

av sorg og beiske harm. –

Det er mi ætt

som i kvart pulsslag græt.

 

Mi høge ætt! – som rådde trygg

i byrge ættarheim,

og rektest vesall, arm og skygg

hit! hit! – i audn og skuggeeim, -

og slepte tak,

og stormslått dreiv og rak. –

 

Mi høge ætt! – det gjæve blod

som steig i mektig flaum,

og seig lik havsens brostne flod

i natt og maredraum,

og dulramt rek

i meg dei siste vek.

 

Og eg i verk og angest står

og stirer skræmd og bleik

på dette gamle opne sår,

der siste rottåg i vår eik

or jorda brast

for harde stormvindskast. –

 

Ja her – ja her! – er gråtestad

og bleike minnehorg.

Her huker skuggar utpå svad,

og græt ei ulækt sorg

i skogarsus

og skval mot sjøvåt grus. –

 

Å, set deg tett innåt meg, du

mitt varme bjarte viv! –

Å, gjennom tvil og kalde gru

ei makt meg glør og driv. –

eg sansar ord

og bod or denne jord. –

 

Dette er og eit svært godt dikt. Det er ei svært god skildring av Grytfjellia der husmannsplassen låg. Akkurat slik er det! I dag går riksvegen tvers over staden der husmannsplassen låg. I dag er det ikkje langt til Øksendalsøra, men det var nok eit godt stykke den tida ein måtte gå eller ro heile vegen. Og diktet gjev svært godt uttrykk for dei tankane Henrik Rytter sleit med om den klassereisa nedover slektsgreina hans hadde reist etter tipptippoldefarens tid. Korleis skulle ein reise seg att etter ein slik lagnad?

 

Men utover i 20-åra og 30-åra og under krigen kvitta han seg gradvis med dei sår og motsetnader husmannstilveret hadde sådd i han. Han kritiserte Olav Duun og den hovdingtanken som kanskje ligg gøymt hos Duun. Han vart ein svært markert kritikar av det nasjonalsosialistiske tankegodset om førarar og gamal stordomstid. I 1945 skreiv han programmet til NKP.

 

I essaysamlinga Skrift og strid er det eit kort essay av Sindre Hovdenak om Henrik Rytters politiske utvikling:

 

”Han starta som ein tradisjonell, nasjonalsinna venstremann i ånda etter Henrik Wergeland og Arne Garborg………Det var kampen mot fascismen og nazismen i mellomkrigstida som meir enn noko leidde Rytter mange steg mot vesntre.”

 

Dette er det nok mykje rett i. Men lyrikken hans synest eg og ber bod om noko meir: Han drøymde om å atterreise Rytter-namnet som eit namn ein måtte respektere og sjå opp til. Og det å bli folkeskuleeigar trur eg han såg på som eit steg på den vegen. Men etter kvart som han lærte eliten å kjenne, trur eg dette fortok seg noko. Han oppdaga at det var mykje verdifull kraft og framdrift også i den husmannsklassen han før hadde fortvila over. Dei stod fram for han som meir ekte og gode menneske enn mange fine og slike som gjerne ville etablere seg som gode leiarar.

 

Henrik Rytter gav ikkje ut diktsamlingar mellom 1928 og 1950. Men  i diktet ”Leike i stormen”, det andre diktet i diktsamlinga frå 1950, ”Likevel”, har siste strofa denne ordlyden:

 

Men alt dette stormliv i øsnad og kveik,

det er som ein bråkande smågut-leik.

For djupat i sjæl som djupast i hav

går ålsterke straumar i ålstille kav.

 

Eg trur han oppdaga at ”ålsterke straumar i ålstille kav” dei fanst like mykje hos dei låge som dei høge. Så i mine augo gjorde Henrik Rytter, i motsetnad til mange andre som har skrive om det, 2 klassereiser, ei oppover og ei nedover, iallfall i tankane.

 

Henrik Rytter døydde i 1950, berre 5 år etter den verste av alle krigar og medan den kalde krigen var i emning og Churchill for lengst hadde erklært ”jernteppet”. Likevel avslutta han livet med følgjande dikt:

 

OG LIKEVEL - !

 

Det var so sterk ein dag, med fløygde skyer

i solljos ferd høgt yver fjell og flyer.

Eit livsens brus song ifrå li og dal

og ifrå dagens ånd med kvate hjal. –

         So vart det kveld.

         I blod og eld

går denne sterke livsens dagen under;

ei natt sig fram med døyvde toredunder.

 

Snart kjøvest dagens liv i natteeimar;

snart velter myrkret fram i livsens heimar.

Og livsens gåtur tagnar snart for godt

når nattefuglar gjel til spe og spott.

         Og likevel,

         ja, likevel!

All dagens glade onn syng enn i blodet,

og sol og storm driv enno kveik i modet.

 

Ljoskveikte voner enn i hugen gløder,

og høgmålsdraumar enn i sjæla fløder.

Javel, javel, stummyrke natta er

so nær, so nær, so bønlaust myrk og nær.

         Og likevel,

         ja, likevel!

Mi ånd i nattemyrke røyningsstunder

trur enn på livsens store morgonunder.

 

 

Henrik Rytter gav aldri opp!

Og det held eg med han i!